Ei naki grein
Skrevet 15.11.2009 11:08 - Lokale saker
Det er mørketid, og det stundar mot jul. Kva passar da betre enn å lese ei god bok? Nabonytt vil framover komme med gode lesetips til den som er glade i å lese bøker - eller som ikkje finn julegåva til tanta som har alt.

Jan Inge Sørbø: Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust (2009), Det Norske Samlaget.
Han ville bli den nye Wergeland. Lik sin helt, vart Olav Aukrust (1883-1929) nasjonalskald og dessverre berre ein ung mann. Begge var visjonære diktarar, begge var romantikarar og begge var både internasjonale og nasjonale.
Jan Inge Sørbø kom i haust ut med ein biografi om diktaren Olav Aukrust frå fjellbygda Lom. Diktaren, som berre gav ut to diktsamlingar i si levetid, står likevel fjellstøtt i vår norske kulturarv. Himmelvarden og Hamar i Hellom gav ham diktarløn, og i tillegg fullførde han nesten Solrenning som kom ut etter hans død i 1930.
Til hans mest kjente dikt høyrer Ei Naki grein, Einsleg, Emne, Still meg ei storvengja sorg overskygde og Fjell-Norig.
Omslaget.
Det er Det Norske Samlaget som står som utgjevar av denne solide biografien, Ørneflukt og ormegard. Dette er ein biografi som setter dikta inn i ei historie og eit miljø, som gjer at ein får lyst til å komme i gang med å lese dikta til Aukrust. Og det er vel og oppgåva til ein biografi?
Gode biografiar gir interessante bilete av tida den biograferte levde i. Dei er meir levande og personleg enn ei vanleg historiebok. Slik er det og med biografien om Olav Aukrust. Her er det bonde- og bygdemiljø rundt førre århundreskifte som blir skildra på ein framifrå måte. Her får vi kjenne korleis folkehøgskolerørsla vaks fram, og korleis det nasjonale fann si form etter unionsoppløysinga.
Som ein motvekt til Ørneflukt og ormegard vil eg og anbefale dykk og lese biografien om sambygdingen til Olav Aukrust, Tor Jonsson, ført i pennen av den kjende Ingar Sletten Kolloen i Berre kjærleik og død (1999). Denne lyrikaren fekk kjenne skuggesida av den nasjonale bonderomantikken, og er mellom anna kjend for å ha danna omgrepet bygdedyret.
Ørneflukt og ormegard er ikkje av dei bøkene som har fått mest omtale i bokhausten, men den er nok ein av dei mest solide. Her får vi lære Olav Aukrust å kjenne som nasjonalskald og ideolog, men og gjennom fyll og depresjonar, samt eit dramatisk kjærleiksforhold med systrene Gudrun og Margit Blekastad.
Så til tross for nokre kjedelege pedagogiske repetisjonsøvingar, har Jan Inge Sørbø skrive ein biografi som seier mykje om både ein stor diktar og om ei avgjerande tid for Norge, og som seier noko om kven vi er i dag.
ET
Til toppen
Del denne artikkelen på 
Legg til kommentar
|
|
Ansvarlig redaktør:
(tlf: 454 51 163)
Daglig leder:
(tlf: 950 31 906)
|
Redaksjon:
(tlf: 907 44 925)
|