Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Eit godt bokår

Skrevet 02.01.2010 17:31 - Underholdning


Kjartan Fløgstad. Foto: aftenposten.no.

 

Grense Jakobselv av Kjartan Fløgstad er årets skjønnlitterære bok.

 
2009 vart eit særdeles godt bokår, der omtrent alle ”dei store” kom ut med skjønnlitterære bøker. Lars Saabye Christensen, Jo Nesbø, Herbjørg Wassmo, Karl Ove Knausgård og Erlend Loe, som saman med gode debutantar som Johan Mjønes, Rune F. Hjemås og søstrene Guri og Sigrid Sørumgård Botheim berre er nokon få av ein rik flora av forfattarar som gav ut litterære verk i fjor.

 
Til slutt står ein igjen med Ingvar Ambjørnsen med Opp Oridongo, som og er ei imponerande bok, og Fløgstads Grense Jakobselv, der sistnemnde trekker det lengste strået.
 



 
Kjartan Fløgstad (f. 1944, frå Sauda) har eit omfattande forfattarskap bak seg. Han debuterte i 1968 som lyrikar, men det er som essayist og romanforfattar vi kjenner han best.

 
Sommaren 2009 kom den foreløpige siste romanen ut, og den skapte debatt med problematikken rundt forholdet mellom fiksjon og fakta. Kva for kjelder brukte Fløgstad? Kva er historisk og kva er rein dikting?

 
Uansett utfall av ein slik debatt, har Kjartan Fløgstad skrive ein roman som imponerer på alle vis. Grense Jakobselv vågar å sjå nytt på kva for idéhistoriske tankar som har påverka oss, og som enno påverkar oss, nemleg nazismen.

 
Romanen følgjer både ei historisk og ei samtidig handling. Desse to spora smeltar sjølvsagt saman etter kvart. Nazimedløparar og krigsprofitørbarn som blir politimenn for å verne den ”demokratiske rettsstaten”, som eigentleg berre vernar om staten, som er ein totalitær kraft.
 
 

Foto: snl.no.
 

Kjartan Fløgstad sparkar oppover frå sitt arbeidarklassestandpunkt, og han skriv like imponerande og morosamt som han har gjort i tidlegare klassikarar som Fyr og flamme, Kron og mynt og Grand Manila.

 
Du kjem berre ikkje utanom Kjartan Fløgstad.

 


Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: