Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Meir Twilight

Skrevet 22.01.2010 23:25 - Underholdning


Bella Swan og Edward Cullen møter nye utfordringar i Formørkelsen av Stephenie Meyer.

 

Debattbøker, noveller og krigsbøker er noko av det Gyldendal presenterte under vårsleppet torsdag.

 

- 2010 ser ut til å bli eit veldig bra år der vi skal klare å følgje opp omsettingsrekorden frå 2010, seier forlagsdirektør Einar Ibenholt til Klassekampen fredag.

 

Mellom anna har forlaget stor tru på filmpocketen av den tredje historia i Twilight-sagaen, Formørkelsen, som kjem ut i juni. For samme aldersgruppe, kan Gyldendal óg lokke med nok ei omsetting i Gossip Girl-serien: Carlyle-trillingene II: kan ikke få nok, som er skrive av Cecily von Ziegesar. 

 

Og vi får i tillegg krim av godt merke, når John Irving, Camilla Läckberg og Johan Theorin kjem med nye spennande historiar.

 


Levi Henriksen er ein produktiv forfattar. Også denne våren kjem han med ei ny bok.

 

For dei som liker sakprosa best, har Gyldendal gode tilbod her og. Krigsbøker blir ein aldri ferdig med.

 

I Arven etter Hitler har Anette H. Storeide intervjua eit stort antall tyske tidsvitne om korleis Tyskland gjorde eit oppgjer med naziregimet. Harald Skjønberg har skrive dokumentarboka Historier om krigen, der barn og ungdom for presentert for 13 menneske som opplevde krigen på ulike måtar i Norge.

 

Terrorforskar Laila Bokharis har skrive boka Hellig vrede som handlar om ekstremisme i Pakistan, medan Morten Strøknes lar oss bli betre kjend med Joshua French og Tjostolv Moland i Et drap i Kongo.

 

I tillegg kan det nevnast at vi no får biografien om Lars Sponheim, og bokversjonen av den mykje omtalte tv-serien Hjernevask. Det er Harald Eia og Ole-Martin Ihle som har skrive sistnemnte.

 

Kampen om lesarane er i gang.

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: