Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Kjøparens marknad

Skrevet 23.02.2010 17:13 - Underholdning


Nokre av godbitane du kan sikre deg.

 

Fram til 6. mars kan du verkeleg gjere kupp hos ein bokhandlar nær deg.

 

Over 800 titlar med stor rabatt vart lagt ut for sal mandag morgon. Dette er noko som bokelskande nordmenn har venta på. Så om pengeboka ikkje er heilt skrapa etter at studielån og straum er betalt, kan ein verkeleg få kjøpt noko godt lesestoff her.

 

Her er "store" namn som Dag Solstad, Lars Saabye Christensen og Ebba Haslund. Men om du har lyst til å prøve noko nytt og spennande, er det no du kan slå til!

 

Sjølv ville eg ha anbefalt Nikolaj Frobenius med Jeg skal vise dere frykten og den fantastiske fjorårsdebutanten Linda Olsson med sin bestseljande La meg synge deg stille sanger.

 

Frå vårt "lokale" Snøfugl forlag, finn vi den populære sogeroman Blodig arv av Ragnhild Magerøy, Kvar kvinne er den vakraste i verda av Ole Bjerke, som er forteljingar om kvinner i fleire land, samt memoaren om frontsoldaten Rolf Bergsten i Bare en liten visitt i helvete.

 


Populær bok frå Snøfugl forlag.

 

 

Mammutsalet er ikkje berre skjønnlitteratur. Her finn du mellom anna lyrikk, hagbøker, reiselitteratur og biografiar.

 

Og om eg kan anbefale to biografiar, vil eg nemne Sigrid Slapgard som har skrive om Sigrid Undset i Dikterdronningen. Mange har biografert vår kvinnelege nobelsprisvinnar tidlegare, men ingen har klart det på samme mesterlege måte som Slapgard.

 

Ei anna kvinne som har fått ein biografi etter seg, er lyrikaren Halldis Moren Vesaas. Sonen, Olav Vesaas, har tidlegare biografert Tarjei Vesaas og Aasmund O. Vinje. Om du ikkje blir forelska i den nydelege dama frå Trysil og Vinje etter å ha lese Å vera i livet, er det nok noko feil med kjenslelivet ditt. Eit flott tidsbilete og ei varm skildring!

 

Og til slutt kan ein nemne at mammutsalet byr på mange barne- og ungdomsboktitlar. Dette er litteratur som vanlegvis er kostbar, så her har du sjansen til å fylle opp bokhylla di eller å bunkre opp med bokgåver til bursdagar i lang tid framover.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: