Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Rallaren

Skrevet 24.05.2010 19:44 - Underholdning

Arild Bye: Kristoffer Uppdal. Ein mot alle, biografi, Aschehoug Forlag, 2010.


Endeleg får han sin biografi.

 

Kristoffer Uppdal levde eit spennande liv i strid og hardt arbeid. No har han endeleg fått ein biografi som er han verdig.

 

Aschehoug Forlag har gitt ut ei ruvande bok om ein av våre viktigaste arbeidardiktarar.

 

Arild Bye er journalist i NRK Trøndelag, og han viser med denne biografien at han har ei knakande god penn. Biografisjangeren er ikkje den enklaste å bryne seg på. Her skal du vere både etterretteleg, ha eit godt oversyn og samstundes vere ein god skribent. Alt dette innfrir i denne biografien om rallaren frå Beistadbygda i Nord-Trøndelag.

 

Arild Bye (Foto: Jørn Haudemann-Andersen)
Arild Bye. Foto: Nrk.

 

Kristoffer Uppdal (1878-1961) levde i ei tid der industrialiseringa verkeleg hadde tatt tak i liva til folk i Noreg, og i ei tid der vi for alvor såg skuggesidene ved utviklinga. I Kristoffer Uppdal. Ein mot alle les vi om ein mann som lever sine barneår i eit jordbrukssamfunn, som sidan livnærar seg som rallar i utbygging av jernbanar, vegar og i gruvedrift, før han ender som forfattar og samfunnsdebatant i ei tid der klassekamp, uår, krig og etterkrigsoptimisme var viktige trekk i ein ung nasjon. 

 

Vi kjenner han best for romansyklusen Dansen gjennom skuggeheimen og annan prosa, men Uppdal var óg modernist innanfor lyrikken. Alt dette tar Bye for seg på ein lettfatteleg og medrivande måte. Det er ikkje til å stikke under ein stol at Uppdal kan vere vanskeleg tilgjengeleg med sitt uortodokse landsmål, men med Arild Bye sine presentasjonar og tolkingar opnar det seg mange dører inn til diktaren sitt fantastiske rike.

 

MOT SLUTTEN: Her er Kristofer Uppdal fotografert på hjemmebane i 1959. Foto: Aage Storløkken / SCANPIX
Kristoffer Uppdal.

 

Tittelen Ein mot alle siktar mot at Kristoffer Uppdal ikkje var opptatt av å halde på vener og familien. Han snudde ikkje kappa etter vinden. Diktaren var beinhard i diskusjonar og debattar, og la sjeldan noko i mellom.

 

Men det vi vil hugse Kristoffer Uppdal for, er som ein framifrå arbeidardiktar og lyrikar. Arild Bye sin ruvande biografi gjer diktaren frå Beistadbygda tilgjengeleg for alle oss som er glad i litteratur og som vil lære noko om vår nære fortid.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: