Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


- Ver aldri redd i ærleg strid!

Skrevet 28.08.2010 13:16 - Livsstil


Diktarpresten Anders Hovden (1860-1943). Foto: samlaget.no.

 


Det har vore fleire nasjonale diktarjubileum dei siste åra. Ibsen, Wergeland, Hamsun og Bjørnson fortener all den honnør dei kan få. Men også andre kan vere verdt å minnes. Ein av dei er Anders Hovden (1860-1943).

 


I år er det 150 år sidan diktarpresten Anders Hovden vart fødd i Ørsta i Møre og Romsdal. Hans innsats for nynorsken var formidabel, og han var ein av dei som verkeleg bana veg for at vårt nynorske skriftspråk skulle vinne fram på ein oppsiktsvekkjande måte i den norske kyrkja.


 
Omstritt prest
Anders Hovden hadde ei rik prestegjerning. I nesten 40 år var han ein omstritt, men samlande skikkelse der han til ein kvar tid var. Omstritt fordi han tala i kyrkja på sin eigen dialekt, og fordi han nytta landsmål som skriftspråk. I alle kyrkjelydane han kom til, måtte han ta opp denne kampen. Og den enda alltid med siger. Om han var på Lista, i Melhus, Krødsherad eller Østre Toten, fira ikkje Hovden ein tomme. Han gjekk til og med i strupen på Bjørnstjerne Bjørnson, da han forfekta sitt syn for riksmålet. Hovden var uredd, og han vart etter kvart respektert i heile Noreg.

 
Det fjerde bodet
Om Hovden hadde levd i dag, ville han nok ha fått merkjelappen folkeleg. Tankane til Grundtvig stod sentralt hos sunnmørspresten.Han synte folket at Gud er rettferdig og livsnær. Utslitne menneske som hadde træla på forfedrane si jord, kunne sjå fram til å ein gong få kvile i Guds faderarm.
 
 
Og skulle ein vere ein livsnær prest, var det sjølvsagt at han kravde å få tale på dialekten sin, og ikkje på eit stivt riksmål. Kjend er anekdoten om prosten som irritert seier i ei ordveksling at målet såg ut til å vere ein religion for Hovden, og der Hovden svara: ”Ja, det fjerde bod har alltid vore religion for meg!”:
 
 
Målsaka var eit spørsmål om identitet og eit spørsmål om Gud: å føre arva frå mor og far vidare til neste generasjon var viktigare enn noko anna. Dialekten var ein naturleg arv frå fedrelandet å ta vare på. Denne strida kjempa han saman med dei han likte aller best: Ungdommen. I den frilyndte ungdomsrørsla fann han stridspartnarar i kampen om å få salmesong på nynorsk inn i kyrkjene.


 

I biografien til Jens Kåre Engeset kan du lese meir om Hovden.

 
 
Diktaren
Og det var som prest han byrja diktinga si. Han skreiv forteljingar og diktsamlingar, men det er som salmediktar han trefte best, og som vi kjenner han for i dag. Med ein oppriktig omtanke for einskildmennesket, der morsmålet er ein viktig pilar, var det naturleg for Anders Hovden å nytte landsmålet, som vart utvikla av Ivar Aasen, den eldre kameraten frå nabogrenda i Ørsta.


 
Fagert er landet       
Fagert er landet er kanskje den mest kjende salmen som er skrive av Hovden. Og den er også typisk: her er det fiskaren og bonden som strir og har stridd i generasjonar i sin vesle båt og på sin karrige åkerlapp, og dei er heilt avhengig av Guds nåde for å overleve kvardagen. Alt det som Anders Hovden krinsar rundt i forfattarskapen sin, finn vi i denne nydelege salmen. Her frå andre vers:
 
 
Likjest vårt folk i mager jord
skjelvande blomen på bøen,
stend utan livd i vind frå nord
tett innmed kanten av snøen.
Herre, du ser med miskunn ned,
folket vårt gjev du livd og fred,
er oss så kjærleg ein fader.   
 
 
Årstidene skiftar fort, og uansett må Gud vere Noregs ljos så avlingar kjem i hus. Det er ein kjærleg gud som skildrast. Utan Han ville det ikkje ha vore liv laga her i vårt forfrosne land. Men Gud signar kvar ærlege arbeidshand: Ver du oss ljoset og livet.
 
 
Kyrkjespråket
Det finns vel knapt nokon plass i Noreg der nynorsken har vunne fram på same måte som i kyrkja. Både gjennom liturgi og ikkje minst salmeskatten vår, kjem dette tydeleg fram.
 
 
Anders Hovden var med på å revidere Landstads salmebok i åra 1915 til 1918, men det er arbeidet med Nynorsk salmebok som var den største bragda. Saman med dei kjende biskopane Peter Hognestad og Bernt Støylen, fekk han i oppdrag frå Det norske Samlaget å utarbeide ei slik salmebok. Den vart godkjend til kyrkjebruk i 1925. Ein stor del av salmane her var av Hovden sjølv. 128 originale, medan 81 var i omsetjing. Eit formidabelt tal!

 
I salmeboka frå 1997 som vi bruker i dag, er enno 22 salmar skrive av Hovden med, saman med 17 omsetjingar. Om ein tar fram glaskula for å sjå i framtida, er det ein viss fare for at dette vil endre seg. I utkastet til ny salmebok, som no er under revisjon, er mange nynorsksalmar (og bokmålsalmar) erstatta med engelske tekstar. Det hadde vore nok ein kamp å kjempe for stridsmannen Anders Hovden!
 
 
Ettermælet
Anders Hovden vart etter kvart ein populær mann i si samtid. I 1913 var han over til USA, der han fekk æra av å avduke ei Ivar Aasen-byste i Moorhead, Minnesota. Og Hovden var den som i 1930 vart utpeikt til å tale i Nidarosdomen under 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad. Etter at han vart pensjonist fekk han og diktarløn av Stortinget.
 
 
Han døyde i 1943, og grava finn du på Ørsta kyrkjegard, der han ligg saman med sin kjære far.
 
 
Å lese sjølvbiografien han skreiv, Attersyn, er ikkje berre eit monument over eit fantastisk liv, men det er og ei framifrå skildring av ei tid der Noreg enno var i støypeskeia. Der vi leita etter vår identitet, gjennom historia, naturen, kulturen og språket.
 
 
Og det er her Anders Hovden er verdt å minnes.
 
 
 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 



Espen,no må du skjerp dæ!Ka har denj her fremtoningen å gjørra i Nabonytt? Har Ørsta blitt nabokommune me Skaun? :)


 Skrevet av: ola



Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: