Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Blodig alvor

Skrevet 04.09.2010 15:05 - Underholdning

Bokmelding:

Utvalgt. En House of Night-roman (Originaltittel: Chosen)
P.C. og Kristin Cast (2010)
Omsatt av Gry Wastvedt
Cappelen Damm


 


Bokomslaget.

 


Har du vorte bitt av basillen? Er du pluss/minus 20 år, kan du ikkje ha unngått å ha vorte suga inn i ei eller anna vampyrverd.


 
Det var Bram Stoker som skapte vampyrane vi kjenner i dag, ved å skrive om Dracula på 1800-talet. Vampyrane som herja i borgarskapet, drakk blod av halspulsåra og vandrarhistoriene om deira gjerningar var av det redselsfulle slaget.

 
I dag har TV-seriar som True Blood, The Vampire Diaries og Buffy the Vampire Slayer, samt litterære verk som Twilight og House of Night, vorte ein viktig del av den vestlege ungdomskulturen. Tredje bok om den yndige Isabella Swan som fell for den utanomjordiske vakre vampyren Edward Cullen kom på norske kinoar for ein månad sidan. Norske tenåringar låg i telt for å skaffe seg premierebillettar, nett som dei amerikanske tenåringane gjorde. Her har nokon treft blink.
 
 
Satsar sort
Dei tre første bøkene i serien om House of Night har komme ut i norsk utgåve i rask rekkefølgje. Bøkene til P.C. og Kristin Cast har enno ikkje nådd same popularitet som dei fem bøkene i Twilight-soga av Stephenie Meyer. Men konseptet er likt, sjølv om plottet er noko annleis, og serien er verkeleg i ferd med å slå an blant våre yngre lesarar.

 
Medan vi får vere i tankane til ungjenta Bella Swan i Twilight, får vi eit unikt innblikk i vampyrynglingen Zoey Redbird sine tankar i House og Night.

 
I første bok i serien, Merket (2010), blir sekstenårige Zoey Redbird merket av Sporaren, og hennar menneskelege liv blir endra. Ho forlatar vennar og familie for å gå på vampyrskolen House of Night. På denne skolen lærar vi at vampyrar bare er vonde og blodsugande. Dei er vakre, ungdommelege og dyktige. Visste du at kjende politikarar, popstjerner og andre kjendisar som vi ser opp til, er vampyrar?
 
 
Vi lærer og at blod er tett knytta opp i mot sex, både mellom vampyrar og mellom vampyrar og menneske. Da kan ein vel forstå at eit lite kutt i fingeren kan få fatale konsekvensar…

 

[cast,PC_01.jpg]
P.C. Cast.

 
Tidsriktig litteratur
Tredje bok, Utvalgt, kom no i sommar, og den fortsett i same stim som i dei to første. Vi følgjer Zoey, som no er 17 år (bursdag på julaftan!), i hennar mange utfordringar som vampyr. Å ha ein menneskeleg kjæraste og ein kjæraste i vampyrverda må berre ende med hjarteskjerande konfliktar.

 
Utfordringar av meir eksistensiell art får vi når mørke maktar dukkar opp i den blodtørste verda. Vennar viser seg å vere fiendar, og dei som er fiendar kan plutseleg vise seg å vere ein ven i nauda.

 
Det er eit intrikat plot mor og dotter Cast har laga. Ein kjenner igjen element frå trolldomsverda som Harry Potter bur i, og elles er det klassisk tenåringstematikk som går igjen: Kva for kjærast skal ein gå for? Kven kan ein stole på blant sine vennar? Blandar ein dette med ein dose sex, er House of Night nok eit eksempel på kva som slår an i ungdomskulturen vår.

 
Ting hendar i raskt tempo, og det er lett å kjenne seg igjen frå TV- og moteverda i skildringane av dei vakre ungdommane som er med i bøkene. Eit fint trekk er den munnlege stilen som forfattarane bruker. Det er nesten som å lese eit blogginnlegg frå ein vestleg ungjente, og det gjer at lesaren verkeleg kjenner seg igjen i hovudpersonen Zoey. Ja, det er nesten slik at ein nesten kan byrje å tru at det finns vampyrar i blant oss.
 
 


 
Bloggarar
Dette er noko som Cast-damene bruker bevisst, og som er ein stor styrke for serien. Dei har eigne nettsider der ein kan stille spørsmål om karakterane, og ein kan lese blogginnlegg som forfattarane skriv i tillegg til bøkene.

 
House of Night-serien står ikkje mykje tilbake for Twilight-soga. Kanskje byrjar vampyrmarknaden å bli metta, men serien er tross alt så original og ”tidsriktig”, at den fortener livets rett.

 
Og forundra blir ein ikkje om også denne serien går til filmen.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: