Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Rush på Marg & Bein

Skrevet 09.10.2010 17:05 - Underholdning

Utlånsstatistikk Skaun folkebibliotek i september.


Astrid og resten av barna satte stor pris på besøk av grøssarforfattarar. Foto: Elin Berge.

 

I september og starten av oktober har det vore stor etterspurnad på Marg & Bein-bøkene på Skaun folkebibliotek.

 

Grunnen er dei selebre forfattarane som besøkte Børsa skole gjennom Den Kulturelle Skolesekken. Det er ikkje kvardagskost at stjerneforfattarar som Jon Ewo, Arne Svingen og Ingunn Aamodt tar turen til kommunen vår.

 

 
Foto: Elin Berge.

 

Det var sjette og sjuande trinn som var så heldige å få vere med på høgtlesing i ein grøssande atmosfære i gymsalen på Børsa skole. Mørkt, levande lys, røyk og skummel bakgrunnsmusikk.

 

Etterpå var det lang autografkø, og biblioteket vart storma av ivrige lesarar etter skoletid.

 


Biblioteksjef Elin Berge.

 

- Når desse bøkene også er populære blant våre ungdomsskoleelevar, seier det seg sjølv at bibliteket får lange ventelister, seier biblioteksjef Elin Berge. - Absolutt alt er utlånt av dei 17 titlane, både i lyd og papir.

 

Elles held vampyrlesinga stand. House of Night, Twilight og True Blood er alle seriar som er mykje lånt ut. Du kan lese kva Nabonytt skreiv i si bokmelding om siste bok i serien House of Night her.

 

 

 

Blant våre vaksne lesarar er det få nye namn på lista over kva som vart lånt ut i september.

 

Krim og Cecilia Samartin dominerer lista. Camilla Läckberg med Fyrvokteren er øvst, men får naturlegvis konkurranse av Unni Lindell som nyleg kom med Sukkerdøden.

 

Deretter følgjer Mofongo (Cecilia Samartin)og Blodleie (Johan Theorin), før lokale Knut Syrstad kjem med Dør_jeg_nå?  

 

Salvadorena (Samartin), Panserhjerte (Jo Nesbø), Postcard killers (Liza Marklund) og Morgen i Jenin (Susan Abulhawa) er på plassane bak.

 


Cecilia Samartin.

 

Takk til Skaun folkebibliotek for velvillig hjelp.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: