Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Den beste gåva

Skrevet 20.11.2010 21:31 - Underholdning

I tida fram mot jul vil Nabonytt tipse lesarane våre om nokre av dei beste bøkene frå 2010.

 

 

 

Cappelen Damm er forlaget som verkeleg har bøker for alle.
Biografiar og andre historiske dokumentarar er populært lesestoff i Noreg. Kunnskapstørsten er stor, og gode forfattarar blir hyra inn for å formidle gode historier frå vår nære og fjerne fortid.
 


Hans Olav Lahlum. Foto: Cappelen Damm.

 

Hans Olav Lahlum er kjent for mange, etter å ha versert i media i dei siste åra. Med sin særeigne stil på teve, og ikkje minst med gode bøker om norsk etterkrigstid, har han vunne eit stort publikum.

 
Biografiane om Håkon Lie og Oscar Torp er basert på forfattarens hovudoppgåve, og det er også denne som dannar bakteppet for Noen av oss har snakket sammen… Personskifter i Arbeiderpartiet 1945 – 1975 som kom ut no i haust.
 
Lahlum er fagleg sterk, og han skriv på ein enkel og likefram måte. Dette gjer at lesaren får eit godt oversyn over det som skildres. Vår etterkrigstid er særs interessant. Ingen tid i vår historie har vel vore gjenstand for så mykje endring som denne, og Arbeiderpartiet har hatt hånda på rattet i mange av desse åra. Derfor bør du lese denne.

 

 

 

I sommar kom boka Ufredsår. Om den svenske stormaktstiden og en mann i dens midte.
 
1600-talet var eit kaotisk hundreår, både i Europa og i Sverige. Dette kaoset opna mange vegar for vårt broderfolk i aust, som prøvde seg på fleire felttog i det store utland. Landet var ein stormakt.
 
For underteiknande er dette første møte med svenske Peter Englund, og det blir garantert ikkje det siste. Måten han koplar den store historia med eit einskilde menneskes forteljing, er berre imponerande. Dei som liker Karsten Alnæs sine historiske bøker, vil garantert elske Englund.

 

 

 

Den tredje boka som vi vil anbefale, er historia om Aleksander den store som kom no i haust.
Her kjem vi under huda på ein av dei mektigaste skikkelsane i verdshistoria (356 – 323 f.kr). Historikaren Bengt Liljegren har forska på den mytiske mannen, som kom frå Makedonia men som erobra ufatelege landområdar.
 
Livet til Aleksander den store er så imponerande i seg sjølv, at ei bok om han berre må bli spennande. Men Liljegren er ein god forfattar og han klarer å gjere historia ekstra god. Dette er eit unikt portrett av ein verdsherskar, samstundes som det er ei reise gjennom ei verd som etter kvart skal danne grunnlaget for ein felles greskinspirert kultur.
 
Gode historier i tre bøker som gjev deg gode lesestunder og som gjer deg litt klokare.
 
Espen Tørset  

Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: