Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Nok ei suveren bok

Skrevet 14.12.2010 09:23 - Underholdning

I tida fram mot jul tipsar Nabonytt lesarane våre om nokre av dei beste bøkene frå 2010. I dag er det klart for ein kritikarrost eksilnamdaling.


 

 

Carl Frode Tiller er nominert til Nordisk råds litteraturpris for sin siste roman, Innsirkling 2. Men uavhengig om han får prisen eller ikkje, er han ein vinnar allereie.

Trondheimsforfattaran skriv bøker som om han skulle ha erfart langt fleire liv enn sitt eine førtiårige han så langt har levd. Mykje positivt kan nemnast om Innsirkling 2 og dei tre andre romanane hans, men måten han skildrar det psykologiske på, er utan sidestykke i norsk samtidslitteratur.


Kommunikasjonen mellom menneska vi møter er intens, vakker og stygg på ein og same tid.


Han har skrive "berre" fire romanar på ni år, men alle har fått fantastisk respons frå kritikarar og lesarar.

Handlinga fortsett der Tiller slapp i Innsirkling1 (2008). David har mista hukommelsen, og gjennom ein annonse blir gamle kjente av han oppfordra til å skrive brev, slik at han kan finne ut kven han er. Dermed sirklar Tiller inn liva til brevskrivarane og David.

I Innsirkling 2 er det Ole, Tom Roger og Paula som skriv brev til David. Det er eineståande å lese om desse menneska, og samstundes kjenne at dette også angår meg sjølv. Dette viser kva for ein menneskekjennar Tiller er. I tillegg er det mange referansar til vår eigen nære fortid, noko som gjer at ein kjem enda nærmare teksten.

Carl Frode Tiller er allereie i den ypparste klassen i norsk samtidslitteratur. Dette er boka du glatt kan gi bort til mor, far, bestemor, bror, tante…ja, i det heile til kven som helst!


Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: