Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Bøker til alle

Skrevet 18.12.2010 21:30 - Underholdning

I tida fram mot jul tipsar Nabonytt lesarane våre om nokre av dei beste bøkene frå 2010. I dag skriv vi om bøker i tre ulike sjangrar.

 


Pax Forlag.

 

Ingen roman er meir dramatisk enn den sanne historia om brørne som kjempa på kvar si side under den andre verdskrig.

 

Brødre i krig av Øystein Rakkenes er så fantastisk at ein nesten ikkje kan tru det. Historia handlar om to trondheimsgutar og korleis krigen endra deira liv for all framtid. For å berge bror Erling Brekke sitt liv, må Bernhard Brekke melde seg inn i Nasjonal Samling og kjempe på Austfronten som SS-soldat. Erling, som var tatt som engelsk spion i 1941, fekk leve, men han vart sendt til konsentrasjonsleir i Tyskland, der han satt til krigen var over.

 

Begge kom heim til Trondheim etter krigen, men dramaet stoppar ikkje der. Mennene lever enno i dag, og dei har levd ulike liv etter den tragiske krigen. I Brødre i krig kan ein lese begge sine historier, og dei er like fantastiske begge to.

 

For ein historieinteressert far eller tante, bør dette vere den perfekte julegåva. Rakkenes er ein god skribent, og han skildrar brørne sin historiar på ein nøktern og truverdig måte. 

 


Aschehoug Forlag.

 

Den tredje bok i trilogien om den norske utvandringa til USA på 1800-talet kom no i haust.

 

Toril Brekke har no fullført sitt store romanprosjekt, og historia om nordmannen sin søken etter lykka på den andre sida av havet fengar fortsatt. Så godt som alle har ein slektning som reiste over, og skjebnane var mange.

 


Toril Brekke.

 

Utvandringa til Amerika er nesten heilt borte frå pensum i historiefaget på vidaregåande skole, noko som er merkeleg når ein tenkjer på kor mange som reiste. Heldigvis har Toril Brekke skrive ein trilogi som seier mykje om kva som hendte og ho skildrar nokre skjebnar som kan ha vore verkeleg. Desse bøkene må vere perfekte til å filmatisering. Brekke har eit levande språk og ein blir lett kjente med personane i bøkene.

 

Denne spesielle perioden i historieboka må ikkje gå i gløymeboka, og Drømmen om Amerika, Gullrush og Det lovede landet er ein viktig motvekt til det. 

 


Selja Forlag.

 

Den perfekte gåva til den lyrikkinteresserte er Nynorsk lyrikk. 25 diktarar - 220 dikt.

 

Det vesle vestlandsforlaget Selja Forlag gav i 2009 ut boka som inneheld høgdepunkt få den nynorske diktinga gjennom over hundre år.

 

Lyrikk-samlingar er sjeldan vinnarar på salslista i bokverda. Men denne boka er eit sikkert kjøp for dei som set pris på tradisjonell lyrikk av dei beste forfattarane. 25 lyrikarar er med i den store diktreisa, og det er eit rikt og klokt utval som forlaget har funne. Sjølvsagt er Ivar Aasen, Aasmund O. Vinje, Olav H. Hauge og Haldis Moren Vesaas med, men her finn vi og personar som kanskje er i ferd med å ufortent komme i gløymeboka.
 

Henrik Rytter, Ragnvald Skrede og Ragnvald Vaage fortener i aller høgste grad å bli lest også i dag. Og det er moro at prestane Elias Blix, Anders Hovden og Anders Vassbotn er med i dette selskapet. Dei skreiv framifrå lyrikk, som passar både til kvardag og høgtid.

 

No, medan vi stressar rundt for å lage ein materalistisk jul, kan ei slik diktsamling vere gåva til alle som treng eit pusterom og nokre ord til ettertanke:

 

Å vera i livet

 

(til mor)

 

Dette: å vera i livet,

open for alt ikring,

bunden med sterke røter

til menneske og til ting,

gi både hjarte og hender

i omsorg som aldri svik,

var det som gav meining til ferda di

og let deg få kjenne deg rik.

 

Og den som er rik vil ha seg

eit hus som er såleis bygt

at alle som høyrer til huset

kjenner det godt og trygt,

og såleis at framande gjerne

kjem innom dørene der

og auker den rikdom som finst der før

med alt det dei sjølve er.

 

Fattig var du om aldri

i livet du kjenna fekk

at mellom deg og dei andre

levande straumar gjekk

av tillit og varme som styrkte

kvart band som til livet deg batt,

og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,

at meir enn du gav, fekk du att.

 

Haldis Moren Vesaas.

 

 

Espen Tørset

 


 


Til toppen

Del denne artikkelen på 



Vakkert!


 Skrevet av: Gunn Kari



Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: