Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Kortreff i Meldal

Skrevet 12.02.2011 21:49 - Kultur


Jeg går i dype skoger.

 

Åtte kor var til stades da Cantilena inviterte til kortreff i Meldal.

 

I denne kalde laurdagsettermiddagen var det varm song som dominerte i den 23 år gamle kyrkja.

 

Kora som deltok var Hitterklang, Hemne og Vinje songlag, Rennebu songkor, Stranda mannskor, Oppdal mannskor i tillegg til Eggkleiva mannskor, Koret Våren Viggja og arrangørkoret.

 

Hitterklang viste at det ikkje er talet på songarar som avgjer kvaliteten på sangen. Få medlemmar, men du verda for ein klang! 

 


Karane i Eggkleiva mannskor ventar spent på at det skal bli deira tur.

 

For Eggkleiva var dette første gong dei tok turen til treffet, medan Koret Våren har vore ein fast gjest dei 20 åra Cantilena har invitert til denne kvelden.

 

Etter konserten i Meldal kyrkje, var det klart for korfest i samfunnshuset. Middag og busksong var noko av ingrediensane der.

 

Dette sang Koret Våren Viggja:

Jeg går i dype skoger

Skyene gråne

 

Dette sang Eggkleiva mannskor:

Morgenens lysning

Steal away

 


Dirigent Stein Nilsen fekk ein triveleg kveld saman med Jon Lyngstad, Kåre Rønningen og Jan Leinum.

 


Cantilena har songarar frå mange kommunar, derimot Skaun. Det prisbelønte koret viste god kvalitet også denne gongen.

 


Koret Våren Viggja i den flotte kyrkja som vart nyopna i 1988.


 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 



Takk til Cantilena for invitasjonen og til en hyggelig ettermiddag og kveld oppi Meldaln. Nydelig kirke forresten. Hilsen Øystein i Stranda mannskor.


 Skrevet av: Øystein



Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: