Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Lokalhistorie vart noregshistorie

Skrevet 13.02.2011 21:43 - Kultur

Boktips:

Kampen om Thamshavnbanen - Landssvik og Sabotasje (bok og DVD)

Fredrik Horn Akselsen og Christian Falch

Gammaglimt

2010

 


Bokomslag. Foto: Gammaglimt.

 

Visste du at ein særs viktig del av vår krigshistorie vart utkjempa i vårt nærmiljø?

 

I åra frå 1942 til 1944 vart Orkla sitt anlegg på Løkken og Orkanger sabortert meir enn noko anna industrielt mål i Noreg. Kompani Linge, som var under leiing av Peter Deinboll frå Orkanger, hadde som oppgåve å hindre Orkla i å forsyne Tyskland sin våpenproduksjon under 2. verdskrig.

 

Opptil 25 % av all svovelkis som vart brukt i sprengstoffindustrien i Nazi-Tyskland, kom frå gruvene på Løkken Verk.

 

Bak sabotasjeaksjonane ligg det mange skjebnar, både blant dei sivile og dei militære. I denne boka og DVDen blir vi betre kjent med nokre av desse.

 


Plakat: Gammaglimt.

 

Christian Falch (dagleg leiar og produsent) og Fredrik Horn Akselsen (regissør) i Gammaglimt har i fem år jobba med å realisere domumentarprosjektet Kampen om Thamshavnbanen - Landssvik og Sabotasje. Denne filmen forteljer ei historie som ikkje så mange av oss kjenner. Den er spennande i seg sjølv, men Gammaglimt greier å vise at dette er ein bit av vår historie som vi alle bør kjenne til.

 

Men ein dokumentarfilm på 55 minutt klarer ikkje å seie alt om ein kompleks historie. Derfor er det så prisverdig at dei har laga ei bok som går grundig til verks i å formidle nytt kjeldemateriale og spennande historier og biografiar.

 

Horn Akselsen og Falch skriv lettfatteleg og godt, og boka er fint illustrert med faktarammer og gode bilete.

 

Kampen om Thamshavnbanen - Landssvik og Sabotasje er eit must for den som er glad i historie, og her får du rik kjennskap til viktig noregshistorie som foregjekk i nærmiljøet vårt.

 


Frå innspurten av arbeidet med dokumentarfilmen. Foto: Gammaglimt.

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: