Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Bestialsk krim

Skrevet 28.02.2011 20:52 - Kultur

Boktips:

Jørgen Brekke: Nådens omkrets

Kriminalroman

Gyldendal Norsk Forlag, 2011.


Jørgen Brekke er ein debutant vi kan vente meir av.

 

Nådens omkrets har med rette fått mykje skryt.

 
Bokmeldarane landet over har vore ivrig med superlativa i møtet med Jørgen Brekke og hans debutroman.
 
 
Den kreftopererte politimannen Odd Singsaker og den amerikanske drapsetterforskeren Felicia Stone møtes gjennom to merkelege drap i Richmond, Virginia og i Trondheim. Bakteppet er historia om fransiskanermunken som i 1528 dukka opp i Bergen og som reiste nordover med nokre knivar og ei merkeleg skinn. Resten av historia er lagt til vår tid.

 
Kriminaromanens ”far”, Edgar Allan Poe blir også brukt i denne mordgåta.
 
 
Som trønderske lesarar, kjenner vi godt til gatenamn og stader i Trondheim, og vi tar også ein tur over fjorden til Fosen. Og namn som Krangsås-gardene kjenner vi også til, om enn ikkje på Fosen.

 
Likevel er det den fascinerande og spennande historia med drapa i sentrum som gjer Nådens omkrets til ein imponerande kriminalroman.

 

 
 
At Jørgen Brekke er ein forfattardebutant, skal ein ikkje tru! Komposisjon og språk fungerer godt, og med ingrediensar som litteratur og sex med på kjøpet, blir boka rett og slett ei fornøyeleg lesing.
 
 
Det er berre å glede seg til fleire bøker med Odd Singsaker og Felicia Stone.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: