Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Vennskapstreff eit høgdepunkt

Skrevet 05.03.2011 22:23 - Kultur


Besøket frå vennene i Keuruu og Tingsryd var eit høgdepunkt. Her får gjestane smake norsk tradisjonskost.

 

Besøket frå våre nordiske venner var det som gleda mest i 2010.

 
 
Det skriv styret i Foreningen Norden i si årsmelding for fjoråret. Etter to års arbeid og planlegging, vart det ei god oppleving å motta engasjerte og glade gjestar frå Keuruu i Finland og Tingsryd i Sverige.

 
Foreningen Norden Skaun har initiert eit meir inkluderande samarbeid skolane og vennskapskommunane i mellom, og treffet i helga 13.-15. august 2010 vart eit viktig skritt vidare for å oppnå dette.

 
Styret i foreininga rettar og ein takk til den politiske og administrative leiinga i Skaun kommune for eit godt samarbeid i samband med dette arrangementet.

 
Du kan lese meir om besøket her.
 


Det er eit godt samarbeid mellom Foreningen Norden Skaun (her ved Gerd Søraa) og Skaun kommune (her representert ved ordførar Jon P Husby).

 
 
Styret i foreininga har i 2010 bestått av følgjande personar; Asbjørn Leraand (leiar),  Kristoffer Uppheim (nestleiar), Gerd Søraa (skrivar), Torbjørn Lefstad, (kasserar), Tor Helge Johnsen (styremedlem), Ellinor Bustad (styremedlem).
 
 
Styret har hatt fire ordinære møte i perioden. Foreiningas ordinære virke, har elles vore som før. Deltakinga i Onsdagskveld på Rossvoll har også i 2010 vore ein suksess.
 
Foreningen Norden Skaun er i kontakt med den nasjonale foreininga for å oppnå støtte til dette skole-/språk-/kultursamarbeidet som dei jobbar med.

 
Medlemssituasjonen i foreininga er stabil – kanskje for stabil. Styret ønskjer i tida som kjem å vere meir aktiv for å rekruttere medlemmar.

 

 

Espen Tørset

 

 


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: