Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Får aldri nok av Alf Prøysen

Skrevet 09.04.2011 23:24 - Lokale saker


-Teskjekjerringa var kanskje meir populær i Sverige enn i Noreg, seier Inge Haukvik.

 

Inge Haukvik er no klar for å levere to fulle kassar med Alf Prøysen-objekt til Prøysenhuset på Rudshøgda.

 

Den trivelege mannen bur ved det nedlagte Eliløkken Bruk i Børsa. Frå dette huset bruker han alle ledige stunder på detektivarbeid. Sidan 2009 har målet vore å skaffe objekt til det nasjonale Prøysensenteret, og så langt har han funne omkring 1000 objekt.

 

Haukvik har vore ein ivrig samlar av alt som har med Alf Prøysen å gjere i mange år. Dei som har vore på besøk i Prøysen-samlinga på Snefugl gård i Buvika, veit kva vi snakkar om. Men no dei siste åra har det altså vore innsamling av objekt til det nasjonale senteret som har vore det viktige.

 

- Dette er noko som vi har prata om i mange år. Men Prøysenhuset har hatt ujamn økonomi, så det er først sidan 2009 at vi fekk til å byrje med dette prosjektet. 

 

Børsværingen har lagt ned ein formidabel innsats for å finne flest mogleg godbitar. Det er vanskeleg å finne originale varar, og det tar tid. Heldigvis fins internett som lettar på arbeidet, men enno er det tidkrevande.

 

- Eg har kjøpt inn og fått mellom 900 til 1000 objekt som eg no har pakka i kassar og som er klar til overlevering, smiler entusiasten.

 


To slike banankassar med Prøysen-objekt skal no overleverast til Rudshøgda.

 


To godbitar.

 

Inge Haukvik er eit vandrande leksikon som veit det meste om ikonet som levde frå 1914 til 1970. Drivkrafta for å legge ned så mykje tid og krefter på innsamlingsarbeidet veit han ikkje heilt kor kjem i frå, men interessa for Prøysen har ligge latent heilt sidan barndommen.

 

- Eg vart uføretrygda for snart 12 år sidan, og da fekk eg god tid. Men allereie for 18 år sidan byrja eg så smått å samle inn godbitar frå produksjonen til Alf Prøysen. Først trudde eg at "produksjonen" ville seie ein bunke plater og alle bøkene, som kanskje var ein 50-60 eksemplar, men der tok eg feil! Enno er det mykje fint å finne der ute, så eg vil fortsette leitinga også i framtida.

 

Prøysenhuset med fleire er i gang med planlegginga av 100-årsmarkeringa i 2014, og i samband med dette jubileet, skal utstillinga fornyast. Inge Haukvik har kasta sitt blikk over Sverige og Danmark for å finne spennande objekt der.

 

- Alf Prøysen var på enkelte område større i Sverige enn i Norge, seier ein entusiastisk Haukvik.

 

- Så eg har brukt tid på å finne gode kontaktar der, og det er kjempemoro å sjå kva vi får tak i frå nabolanda.

 


Prøysensamlinga på Snefugl gård er imponerande, og er absolutt verdt eit besøk!

 


Litt av Alf Prøysen sin produksjon.

 

I dei to kassane med objekt finn vi mest bøker og grammofonplater, men vi finn også bilete, puslespill og andre ting. Dette er eit prosjekt som krever stor innsats, men når resultata er så gode, er det å vere Alf Prøysen-entusiast ein artig hobby.

 

- Eg vaks opp med Alf Prøysen, og han har vore med meg heile livet. Og dette er eg ikkje aleine om. Tenk, no er vi inne i det femte tiåret etter hans død, og enno er han så populær! Vanlige folk kan identifisere seg med husmannssonen, og det ønsker eg å ta på alvor. Kvar ein skatt eg sporar opp, kjem alle Prøysen-interesserte til gode!

 


Interessa mi for Alf Prøysen har vel utvikla seg til ein galskap, ler Inge Haukvik.


Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: