Foto: Pax Forlag.
I ei ny bok, Hva er et navn, ser namneforskar Ivar Utne på namnetradisjonar, namnemotar og val av for- og etternamn.
Dette er ei bok som på ein morosam og lettfatteleg måte tar for seg namnemotar som kjem og går og gamal norsk namneskikk. Boka forteller om nordiske namn, kristne namn og klassiske namn frå antikken som enno blir brukt.
Vi kan lese at namnet vårt kan seie meir om bakgrunnen vår enn vi sjølv er klar over. Namnet kan raskt avsløre både våre foreldre sine drøymar og familiens sosiale og geografiske bakgrunn.
Ivar Utne er namneforskar ved universitetet i Bergen. Foto: UiB.
Det er i dag lettare å velgje "rare" namn enn kva det var før namnelova i 2003. Vi kjenner alle til namn som Selveste og Halleluja. Folkeregisteret får årleg omlag femti søknader om slike namn. Mellom anna blir bynamn godkjent som fornamn, om det ikkje er i bruk som etternamn eller namn på det andre kjønnet.
Så kanskje vil du kalle sonen din Ålesund eller kanskje Trondheim?
Men ein kan ikkje gi namn som kan "bli til vesentlig ulempe for vedkommande", som til dømes Musa (Koranen sin form av Moses). Tabuord, sykdomsnamn, ord med negativt innhald og nokre titlar blir ikkje godkjent. Dermed kan du ikkje kalle barnet ditt Majestet, Kongelig, Angina, Influensa eller Psyko.
Like greitt kanskje. For som det står i Salomos ordspråk 22,1: Eit godt namn er meir verdt enn stor rikdom.
Espen Tørset
skal skifte navn nå ! Talentløse fant på ett utrulig dårlig navn som ikke matcher personligheten i det hele tatt:-((
Skrevet av: pippi
Legg til kommentar
Ta kontakt på: |