Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Skal rocke Viggja

Skrevet 22.05.2011 22:16 - Kultur


Aasmund Leraand og Einar Mellingseter har terpa dei siste detaljane og er no klar for Viggjarheim.

 

Fredag 27. mai er Villa Grønnsofan på vegen att, og første stopp er Viggjarheim.

 

Der arrangeres det pubaften, og Joakim Bustad i velforeininga håpar på ein triveleg kveld for bygdafolket.

 

- Viggjarheim er eit triveleg lokale som er perfekt for slike arrangement, så eg håpar folk kjem og støttar opp, seier han.

 

Villa Grønnsofan er bandet som har vore i dvale i nokre år, men som dei to siste vintrane har øvd i skjul på ukjent adresse. No er dei på vegen att, og dei gler seg til å vise fram eit allsidig reportuar i Viggjas storstue.

 

- Dette blir knall! lover vokalist og bandets Halvdan Sivertsen, Robert Øyum-Jakobsen.

 


Robert Øyum-Jakobsen er sjarmøren i bandet.

 

Gjengen som bur i Skaun har vore samstemte i valet av låtar.

 

Her er det Raga Rockers, Tom Petty, Hellbillies, Bruce Springsteen og ikkje minst DonkeyBoy. Rolege låtar, rockelåtar, allsonglåtar og dansbare låtar. Her skal alle få sitt.

 

Sjølvlaga låtar vil også prege settlista. Aasmund Leraand står bak to svisker som garantert vil få kjenslene i sving blant publikum.

 

- Det er songar som handlar om levd liv og ikkje minst forspilte drøymar, seier han beskjedent.

 

Dette er Villa Grønnsofan:

Einar Mellingseter, gitar/vokal

Emil Hoff, tangentar/vokal

Robert Øyum-Jakobsen, vokal/gitar

Espen Tørset, vokal/gitar

Morten Stellander, perkusjon

Aasmund Leraand, bass/vokal

 


Morten Stellander held gutane i øyra med stødig takt.

 


Emil Hoff trakterer mange instrument.

 

Litt om pubkvelden på Viggjarheim fredag:

Det er 18-års aldersgrense, dørene opner klokka 21.00 og det blir sal av øl og vin. Det er ikkje førehandssal av billettar.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: