Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Da nynorsk vart kyrkjemål

Skrevet 25.06.2011 20:27 - Kultur

Per Halse: Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål
Tapir Akademisk Forlag, 2011
 
 

Per Halse briljerer med detaljkunnskap og ordrikdom i ei kulturhistorisk innføring i korleis folkespråket trengde seg inn i kyrkja vår.

 

Vegen fram mot Regjeringa si godkjenning av nynorskversjonen av gudstenesteliturgien i 1907, var hard og omfattande. Denne vegen gjekk parallelt med fleire sentrale motkulturar som fekk stor innflytelse i Noreg på 1800-talet. Ja, enno nyter vi godt av ein lokal og nasjonal kultur som var eit resultat av dei kampane som vart utkjempa i det hundreåret da landet var pur ungt.


 

Halse tar for seg heile kyrkjesoga i Noreg frå innføringa av kristendommen i mellomalderen og fram til 1907. I tida fram mot reformasjonen var det latinen som dominerte kyrkja, og Martin Luther sine idear fekk etter kvart som kjent stor innverknad også i Noreg. Sjølv om prestar og biskopar kjempa i mot, måtte dei omsider gi tapt for folkerørsla. Lekmannsbevegelsen og Hans Nielsen Hauge var pionerar i si tid, og med tida vart folkemålet med vår dialektflora sentral i forkynninga av Bibelens ord.


 

Utover 1800-talet dukkar spørsmålet om det nasjonale opp, og det å bruke sitt eiget språk vart både eit demokratisk og kulturelt spørsmål. I boka til Halse får vi lese om Aasmund Olavsson Vinje, Ivar Aasen og dei andre store som legg grunnlaget for at krefter i kyrkja kunne kjempe fram det utenkelege: salmar, songar og bibelske tekstar på landsmålet (nynorsk)!

 
 

Vi les at stjørdalingen Ole Vig oppvurderer folkespråket som legitimt i religiøse samanhenger, noko som er i pakt med Grundtvig sitt grunnsyn på kristendommen. Og vi les at Elias Blix sjølvsagt speler ei sentral rolle i dei første bibelomsetjingane og med sine salmeskattar. Tidsanden gjorde at ei klassereise for bondesonene etter kvart vart mogleg, og dei hadde med seg ein ballast frå landsbygda som gjorde det naturleg å nytte nynorsk som kyrkjemål.


 

Gudsord og folkespråk fortel historia om ei tid med nasjonal, språkleg og kyrkjeleg vekking. Sunnmøringen Per Halse har skrive ei bok som er viktig for å forstå noko om kva for kulturnasjon Noreg var og er.

 
 

Det er dog ingen anden end Gud, som har skabt Tungemaalene, og han har lært det norske Folk et eget Modersmaal ligesaavel som andre Folkeslag; han foragter altsaa ikkje Folkemaalet, og var Jesus Kristus fød i Norge, saa havde han naturligvis snakket Norsk. (Ole Vig)

 
 
Espen Tørset
 

Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: