Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Vi gratulerer med dagen!

Skrevet 17.05.2009 09:11 - Underholdning

 

 

Henrik Wergeland organiserte det første 17. maitoget og Bjørnstjerne Bjørnson skreiv nasjonalsongen vår.

 

Men det er Ivar Aasen som best viser kva ein nordmann er.

 

 

Det er fiskaren, bonden og arbeidaren vi skal takke for landet vårt. Ikkje kongane og borgarskapet i Oslo.

 
 

Nordmannen

 

Millom Bakkar og Berg ut med Havet

heve Nordmannen fenget sin Heim,

der han sjølv heve Tufterna gravet

og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

 

Han ssag ut på dei steinutte Strender;

det var ingen som der hadde bygt.

"Lat oss rydja og byggja oss Grender,

og so eiga me Rudningen Trygt."

 

Og han vandest til Vaagnad og Møda,

der han laut vera herdig og sterk;

og han høyrer med Hugnad ei Røda

um stor Manndom og dugande Verk.

 

Kring um Dalen stod Fjelli som Grindar,

men um Bergi var grasgrøne Band;

der han gjekk millom Heidar og Tindar,

og der saag han so vidt yver Land.

 

Han saag ut paa det baarutte Havet;

der var ruskutt aa leggja ut paa;

men der Leikade Fisk ned i Kavet,

og den Leiken den vilde han sjaa.

 

Fram paa Vetteren stundom han tenkte:

Giv eg var i eit varmare Land!

Men naar Vaarsoø i Bakkarne blenkte,

fekk han Hug til si heimlege Strand.

 

Og naar Liderna grønka som Hagar,

naar det laver av Blomar paa Straa,

og naar Næter er ljosa som Dagar,

kann han ingenstad vænare sjaa.

 

Sud om Havet han stundom laut skrida.

Der var Rikdom paa Benkjer og Bord;

men krig um saag han Trældomen kvida,

og so vende han atter mot nord.

 

Lat no andre om Storleiken kivast,

lat deim bragla med Rikdom og Høgd!

Millom Kakasar eg litet kann trivast,

millom Jamningar helst er eg nøgd.

 

Naar han kom paa dei rikaste Leider,

saag han tidt, at han litet var kjend;

men han visste om Vyrdnad og Heider,

som kan bu i den armaste Grend.

 

"Lat deim hava den Æra, dei kunna,

og sin Rikdom og Styrke dertil,

naar som berre dei meg vilja unna

at faa raada min Arv, som eg vil."

 


Ivar Aasen

 

 

 

ET

 


Til toppen

Del denne artikkelen på 



GRATULERER med dagen alle sammen !


 Skrevet av: Nabonytt



Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: